Evotec

Evotec leverer to LARS for operasjon i USA

Evotec AS, eit selskap i ENTEC-gruppa, har sikra seg ordre på to system av «High-end» LARS (Launch and Recovery System) for ROV (Remote Operated Vehicle). Desse to systema har blitt bygd hos Evotec i Ulsteinvik og vert no frakta til Miami i Florida, USA for installasjon om bord i fartøyet som for tida opererer i Mexicogolfen.

Evotec-entec-lars-rov
Den komplette leveransen.
helge-warholm-entec-evotec
Helge Warholm, prosjektleiar

– Vi har jobba på spreng for å verte ferdig i tide, og det vart vi, seier Helge Warholm, prosjektleiar for dette prosjektet. 

– Vi har bistått reiar med design og integrering om bord i båten. Dette gjeld ikkje berre sjølve LARS-einheitene men også infrastrukturen rundt, med elektro-tavler, elektro-berekningar, struktur-berekningar og liknande. Vi har hatt ein veldig god dialog med kunde, og gler oss til å bistå vidare i prosjektet, til installasjon, kommisjonering, og oppstart utpå ny-året. Vi har god kapasitet og har levert på tid og budsjett, avsluttar Warholm.

– Vi leverer her to nye LARS med full regenerering. Dette betyr at vinsjen vil virke som ein generator og produsere straum som vi rensar og leverer tilbake til andre brukarar om bord i båten når den er i aktiv hiv-kompensering. Med andre ord – våre løysingar er med på å spare både miljø og drivstoff som igjen vil gjere det meir lønsamt for kunden å bruke denne type anlegg. Vi takkar for oppdraget, og ser fram til vidare godt samarbeid, seier Torkjell Ringstad, leiar for Salg og Marked i Evotec AS.

evotec-entec-lars-rov-miami-florida
Ferdig testa A-ramme lasta på bil.

For meir informasjon, ta kontakt med:

_PES3927 57

Geir Henning Kalvatn

Sales Manager Seismic / Evotec

_PES3895 57

Torkjell Ringstad

Vice President Sales & Marketing / Evotec

norsk merke slogan