Ledige stillinger

Prosjektleiar – Evotec

Selskapa Evotec AS, Brimer AS, og Servitech AS er samla i eit felles eigarskap under konsernet ENTEC Group AS. ENTEC er eit teknologiselskap med fokus på effektive og berekraftige løysingar for kundane våre. Ambisjonen vår er å bygge ein større aktør innanfor dei marknadene som selskapa i dag har kjerneaktiviteten sin. 

Evotec AS utviklar og leverer komplette system og handteringsløysingar til kundar innanfor fiskeri/akvakultur, marine forsking, seismikk og offshore. Ein stor del av det vi leverer er basert på kunderetta tilpassing og utvikling av løysingar. Vi er ca. 50 tilsette og held til i moderne kontor -og produksjonslokale i Ulsteinvik.

Stillinga har følgjande ansvarsområde og  hovudoppgåver:

– Leie prosjekta våre gjennom alle fasar og representere selskapet overfor oppdragsgivar
– Økonomisk og kontraktbasert oppfølging
– Planlegging og koordinering av aktivitetar hos involverte partar eksternt og internt
– Samarbeid med salsavdelinga vår iht. marknadsføring og sal av produkta våre

Følgande kvalifikasjonar og personlege eigenskapar vil bli vektlagt:

– Erfaring frå leiing og gjennomføring av internasjonale prosjekt
– God kjennskap til økonomisk og kontraktbasert oppfølging
– Løysingsorientert, strukturert og systematisk arbeidsmåte
– God samhandlingsevne, og evne til å skape ein engasjert og god prestasjonskultur
– Evne til å jobbe sjølvstendig
– Gode engelsk kunnskapar, både munnleg og skriftleg

Arbeidsstad: Ulsteinvik. Lønn etter kvalifikasjonar / nærare avtale.
Nærare opplysningar om stillinga kan givast av CEO Evotec, Jogeir Romestrand, på mobil 913 30 387. 
Vi vil handtere søkarar fortløpande, og søknad med CV sendast til jogeir.romestrand@entec.no eller post@entec.no