Evotec AS

Ny kontrakt til Evotec (eit ENTEC selskap)

Evotec har inngått ei kontrakt med Frøy AS på avlusingsfartøyet Skandi Texel. Leveransen er eit slangehandteringssystem for avlusing. Skandi Texel blir då det fartøyet i verdas med størst kapasitet for avlusing.

 «Dette er tredje slangehandteringssystemet for avlusingsfartøy på kort tid, med dette salget styrker vi vår posisjon i eit segment som er eit av våre satsingsområder», seier Geir Henning Kalvatn, salssjef i Evotec. Ei medverkande årsak til at vi vann denne kontrakta er at vi har evnen til å tenke nytt og kome med effektive løysingar som kunden set pris på. Vi jobbar for stadig bedre handtering av slangane for å auke levetida, samt oppnå sikrare operasjonar for personell som jobbar på dekk og inkluderar fleire ulike operasjonar i eit verktøy. Målet er at snart skal manuell handtering av sugeslangar ved avlusing vere historie, operasjonen ved merdene vil gå raskare og vere meir effektive. I tillegg er slangehandteringa utstyrt med lusetellingsstasjon, håv-vinsj, notlodd-vinsjar, overvåkingsplattform, oksygeneringssystem, alt integerert på sjølve slangehandteringsbommen.

«Her får Frøy ei komplett slangehandteringsløysing frå Evotec, systemet bli innlemma inn i eit større avlusingssystem som skal bli verdas største, det er både viktig og særs kjærkome at valget av handteringssystem fall på oss», avsluttar Geir Henning Kalvatn. 

Handteringssystemet skal leverast i løpet av sommaren, så her blir det full fart til alt er installert og igangkøyrt!

Vi takkar Frøy for oppdraget og ser fram til leveranse, oppstart og operasjon!

For meir informasjon om våre løsninger, ta kontakt med:

_PES3927 57

Geir Henning Kalvatn

Sales Manager Seismic

image004

Andreas Røyset

Sales Manager Marine Handling Technology

norsk merke slogan