Etter planen skal første utsetjing av fisk skje våren 2022.

Bulandet Miljøfisk skal ha 28 store oppdrettskar til sitt nyskapande, landbaserte oppdrettsanlegg.

Satt saman

– Med sitt unike konsept, er Bulandet Miljøfisk ein framtidsretta aktør som vi er svært glade for å få samarbeide med, seier konsernsjef Håvard Haanes i Entec Group.

Komponentane til oppdrettskara er produsert på Kvamsøya og blir satt saman på Bulandet. I pilotfasen skal fire kar installerast i anlegget, med leveranser av ytterlegare 24 kar i fyrste byggetrinn. Til saman tilsvarer dette eit volum på 100.000 kubikkmeter.

Bulandet Miljøfisk sitt anlegg er bygget ned i grunnen for å redusere pumpekostnadene. I fyrste byggetrinn skal vatnet hentast på 40-50 meter djup slik at ein oppnår jamn vanntemperatur heile året og unngår lus og sjukdommar. I anlegget skal det både produserast postsmolt opp til ein kilo, og fisk som førast heilt fram til slaktevekt på ca fem kilo.

Trimma

– Den spesialutvikla gjennomstrøymningsteknologien gjer at fisken blir trimma i eit strømsatt miljø som utviklar ein sterk hjartemuskulatur og god kondisjon. Målet vårt er å produsere ein sprek og sunn laks frå Noregs vestlegaste fiskevêr, seier dagleg leiar Hans Cato Haddal i Bulandet Miljøfisk.

Vi har valgt komposittkar frå Entec fordi dei både er vedlikehaldsfrie og lettare å reingjere enn andre kar. Samtidig er vi, som Entec, opptatt av miljø- og bærekraft, og vi har stor sans for måten dei finn gode løysingar i samarbeid med kunden. For Bulandet som bygg noko i eit øysamfunn så langt vest i Noreg som det er mogleg å kome er det av stor verdi å arbeide med leverandørar frå Kvamsøya som veit nøyaktig kva dette vil sei, og som er villig til å gå ei ekstra mil om det trengs, seier Haddal.