– Vi har jobba på spreng for å verte ferdig i tide, og det vart vi, seier Helge Warholm, prosjektleiar for dette prosjektet.

– Vi har bistått reiar med design og integrering om bord i båten. Dette gjeld ikkje berre sjølve LARS-einheitene men også infrastrukturen rundt, med elektro-tavler, elektro-berekningar, struktur-berekningar og liknande. Vi har hatt ein veldig god dialog med kunde, og gler oss til å bistå vidare i prosjektet, til installasjon, kommisjonering, og oppstart utpå ny-året. Vi har god kapasitet og har levert på tid og budsjett, avsluttar Warholm.

– Vi leverer her to nye LARS med full regenerering. Dette betyr at vinsjen vil virke som ein generator og produsere straum som vi rensar og leverer tilbake til andre brukarar om bord i båten når den er i aktiv hiv-kompensering. Med andre ord – våre løysingar er med på å spare både miljø og drivstoff som igjen vil gjere det meir lønsamt for kunden å bruke denne type anlegg. Vi takkar for oppdraget, og ser fram til vidare godt samarbeid, seier Torkjell Ringstad, leiar for Salg og Marked i Evotec AS.