Kontrakten omfattar alt bakdekksutstyret på fartøyet som er designa av Ulstein Design og av typen SX-134. Fartøyet vil bli 92 meter langt og vere 22 meter breitt og inneha ei rekke funksjonar for utføring av Forskningsoppdrag også på ultradjupt hav(ned til over 6000 meter). Fartøyet vil kunne utføre avanserte havbotnundersøkingar og ellers også generelle geologiske undersøkingar, som t.d. 3D/4D, i tillegg til 2D/3D P-kabelsystem, samt eit multikomponent OBN-system. I tillegg har skipet handteringssystem for marine gravitet og magnetisme, akustiske lydssystemer og vil ha eit Evotec «corer system», som vil kunne ta sedimentsprøver på store havdjup.

Skipet skal byggast hos Hanjin Heavy Industries i Sør-Korea, og vil bli overlevert kunde tidleg i 2024.

«Dette er vår hittil største kontrakt innan eit viktig satsingsområde for Entec Evotec, og vi har jobba med prosjektet over fleire år!» seier Jogeir Romestrand, dagleg leiar for Evotec AS.

Her er heile Evotec organisasjonen involvert med alt i frå design og engineering, til produksjon og ferdigstilling og vil bli levert med vårt eige toppmoderne automasjonssystem, denne kontrakta vil gi oss arbeid over ei tidsperiode på fleire år, så den er særs kjerkoma.

Vi vil gjerne få lov til å takke alle våre ansatte som har jobba knallhardt i tøff konkurranse med fleire andre, og i tillegg vil vi takke Ulstein Design for godt samarbeid over fleire år, og ikkje minst kunden som gjennom ei lengre evalueringsrunde valgte oss, avsluttar Romestrand.