«Dette er tredje slangehandteringssystemet for avlusingsfartøy på kort tid, med dette salget styrker vi vår posisjon i eit segment som er eit av våre satsingsområder», seier Geir Henning Kalvatn, salssjef i Evotec. Ei medverkande årsak til at vi vann denne kontrakta er at vi har evnen til å tenke nytt og kome med effektive løysingar som kunden set pris på. Vi jobbar for stadig bedre handtering av slangane for å auke levetida, samt oppnå sikrare operasjonar for personell som jobbar på dekk og inkluderar fleire ulike operasjonar i eit verktøy. Målet er at snart skal manuell handtering av sugeslangar ved avlusing vere historie, operasjonen ved merdene vil gå raskare og vere meir effektive. I tillegg er slangehandteringa utstyrt med lusetellingsstasjon, håv-vinsj, notlodd-vinsjar, overvåkingsplattform, oksygeneringssystem, alt integerert på sjølve slangehandteringsbommen.

«Her får Frøy ei komplett slangehandteringsløysing frå Evotec, systemet bli innlemma inn i eit større avlusingssystem som skal bli verdas største, det er både viktig og særs kjærkome at valget av handteringssystem fall på oss», avsluttar Geir Henning Kalvatn.

Handteringssystemet skal leverast i løpet av sommaren, så her blir det full fart til alt er installert og igangkøyrt!

Vi takkar Frøy for oppdraget og ser fram til leveranse, oppstart og operasjon!