Det nye systemet skal byggjast hos Evotec i Ulsteinvik og skal vere ferdig testa og klart for levering i slutten av desember 2021.

ROV’en er eit undervannsfarty som skal operere ned til under 6000 meters havdjup. Denne uniten er fullelektrisk og en av svært få som kan operere på desse djupa, Evotec sin kunde har tusenvis av timar med operasjonstid på desse djupa. Også leveransen frå Evotec er fullelektrisk og har den mest kompakte motor og drive-løysinga i heile verda.

«Vi er glade for tilliten vår kunde og ikkje minst sluttkunden viser når dei vel oss, ikkje minst er dette ein indikator på at vår teknologi er unik, og at våre effektive løysingar fell i smak. Sluttkunden er eit stort internasjonalt Offshore Rederi, med farty som har operasjonar i mange segment, så her har vi eit stort potensiale vidare», seier Torkjell Ringstad, leiar for Sal & Marknad i Evotec AS.

«Vår nye LARS blir levert med full regenerering, dette betyr at vinsja når den slakkar ut ROV’en eller er i i-aktiv-hiv-kompensering vil virke som ein generator og produsere strøm. Den regenererte strømmen vil vi reinse og sende tilbake til andre brukarar om bord i båten. Dette betyr at med å velge våre effektive løysingar sparar ein både miljø og drivstoff, og ikkje minst vil dette gjere det meir lønsamt for kunden å bruke denne type anlegg. Vi takkar for endå eit oppdrag og ser fram til vidare godt samarbeid», avsluttar Ringstad.