Med våre effektive løysingar har vi vunne desse kontraktane med verdi på ca. 30millioner Norske kroner, i konkurranse både med lokale og med internasjonale leverandørar. Dette betyr at vi dei siste månadane har signert kontraktar til Asia for meir enn 60 millionar kroner, seier Torkjell Ringstad, leiar for Salg og Marked i Evotec AS.
Dette er gode kontraktar som sikrar god omsetning innan Forskingssegmentet vårt, og Evotec som organisasjon er godt rigga for gjennomføringa. Kompetansen Evotec har bygd opp gjennom heile verdikjeda frå teikning, til produksjon, testing, oppstart, og til slutt overlevering til kunde, er noko kundane våre set pris på.
Prosjekta skal leverast i September 2021 og Februar 2022.
Evotec sine «Effektive Løysingar» som skal leverast er komplette pakkar for vinsj, bommar, kraner, driv og -kontroll system.
Våre vinsjesystem er dei mest kompakte i marknaden og vil gi våre kundar fleire fordelar som til dømes;
- Mindre vekt av vinsjeutstyr ombord
- Mindre krav til plass
- Mindre og rimlegare jobb med installasjon av det støysvake utstyret
- Motorteknologi med marknaden sin høgste verkningsgrad på 96%
- Redundant løysing for økt driftssikkerheit
Evotec si regenerering er også inkludert, og kort fortalt så betyr det at så snart vinsjane er i bruk om bord i båten, så vil dei i enkelte høve verke som ein generator, den energien som dei då produserer, vil vi filtrere og bruke på andre forbrukarar om bord, som til dømes på framdriftsanlegget, i byssa eller på andre vinsjar tilhøyrande same systemet. Vinsjane er også aktiv hiv-kompenserte og kan operere i store bølgehøgder, noko som gjer at fartøyet vil få eit større vervindauge og få større oppetid.