Den største av desse er knytt til utbygginga av Hofseth Aqua sitt anlegg i Tafjorden, og i tillegg har Brimer Servitech også vunne ei kontrakt med Sande Seafarm i Gjerdsvika.
– Entec vinn oppdrag over heile verda, men det er alltid ekstra gildt når store aktørar på den nære heimemarknaden vel oss som samarbeidspartnar, seier konsernsjef Håvard Haanes.
Store tankar
Særleg er det etterspurnaden etter store oppdrettstankar i kompositt som er årsak til veksten for Brimer Servitech, seier dagleg leiar Tore-Jakob Reite.
Avtalen med Sande Seafarm omfattar 8 store tankar til kveiteoppdrett, samt ei omfattande oppgradering av eksisterande anlegg. Kvar tank er to meter høge og har diameter på åtte meter. I tillegg skal dei kunne byggast på med ytterlegare to meter i høgda.
Til Hofseth Aqua sitt anlegg i Tafjorden skal det mellom anna leverast seks store kar med diameter på 18 meter og ei høgd på 5 meter, forskalingsringer under kara og spiralpotter til senteret i tankane.
– Avtalane med Artec Aqua for Hofseth Aqua si utviding i Tafjord og med Sande Seafarm er dømer på den gjensidige nytten av langvarige relasjonar der ein saman med kunden kan finne dei beste løysingane, seier Haanes.
Internasjonalt
I Noreg har Brimer ServiTech også inngått avtale knytt til utbygginga av Salmar Tjuin i Steinkjer, som vert verdas største anlegg for settefisk når det er ferdig utbygd. Det er Krüger Kaldnes som bygg ut det gigantiske anlegget i Steinkjer for oppdrettsselskapet Salmar, og som er avtaleparten for leveransane frå Brimer ServiTech. I fyrste omgang skal selskapet levere 24 kar som er 7m i diameter og 2,5 meter høge.
Også utanfor Noreg har Brimer ServiTech vunne kontraktar, mellom anna på Færøyane, Island og i Singapore.
– Vi er særs nøgd med utviklinga den siste tida. Etterspurnaden syner at vi er konkurransedyktige globalt også på denne marknaden, på same vis som vårt andre dotterselskap Evotec er det innan handteringsutstyr til den maritime industrien, seier konsernsjef Håvard Haanes.
Eit godt år
Saman med ein markant auke i leveransane av høgdebasseng til norsk kommunar, gjer dette at Brimer ServiTech veks betydeleg i 2021.
– Det same gjeld for Evotec. Etter eit krevjande Covid-år i 2020, har aktiviteten vore markant høgare i 2021 og selskapet erfarer sterk vekst i2021, seier Haanes.
– Vatn, enten det er ferskt eller salt, er ein fellesnemnar for alt det selskapa i Entec Group arbeider med, og vi strekk oss langt for at kunden skal kjenne at dei får effektive løysingar og berekraftig teknologi frå oss, avsluttar Haanes.