Om oss

Entec er kort for «environmental technology», og er eit teknologikonsern beståande av tre driftsselskap; Evotec AS, Brimer AS og ServiTech AS.

Effektive løysingar

Vi skapar verdiar gjennom å vere ein kompetansepartner for våre kundar der vi jobbar for å kunne tilby våre kundar effektive og berekraftige løysingar. Vi er godt i gang med å bygge ein større aktør innanfor dei marknadane som selskapa i dag har sin kjerneaktivitet.

Innanfor vår AQUA-divisjon ser vi betydelige moglegheiter for entrepriser til vann- og avløpsbehandling, samt produkt og system innanfor landbasert oppdrett, industri og fiskeri. Tilsvarande ser vi innanfor vår MARITIME divisjon i marknadane for automatiserte handteringsløysingar, service og rørinstallasjonar.

I tillegg til å levere produkter og systemer leverer vi også servicetenester slik at vi følger våre leveransar gjennom heile levetida.

 

Evotec ligg i Ulsteinvik i Norge, i verdas mest komplette maritime klynge, og er ein sterk leverandør av handteringssystem til den verdsomspennande flåten av skreddarsydde handteringssystem.

Frå byrjinga har det vore viktig for Evotec å ha kontroll over alle element i prosessen, frå konseptuell design, til prosjektering, konstruksjon, bestilling, oppstart og gjennom heile levetida til alle produkta våre.

Brimer er ein av Europas leiande produsentar av tankar, vassbasseng og oppdrettsskar av komposittmateriale. Vi handterer heile prosessen frå design og styrkeutrekning til produksjon av element, transport, montering, og ferdigstilling av komplette basseng og tankar ute hos kunden.

ServiTech vart etablert i oktober 2012 av erfarne aktørar frå skipsindustrien og den maritime klynga på Nordvestlandet. Selskapet innehar over 60 års erfaring frå maritime prosjekt (skip) og landbaserte rørinstallasjonar.

norsk merke slogan