Rørinstallasjon

Lang erfaring
Som utførande entreprenør har ServiTech sidan starten i 2012 hatt si virksomheit rundt rørinstallasjonar innan fleire marknadsområder, men spesielt innan maritimt (skipsbygging), fiskeindustri og VA. Vår erfaring strekker seg lengre tilbake i tid, faktisk heilt tilbake til 1980-talet. ServiTech er også sertifisert iht ISO 9001:2015, samt innan ein egen sveisestandard ISO 3834-2. I dei tilfelle kundane ønsker leveransar iht ISO 3834-2 så kan vi altså levere det. Vi har sertifiserte sveisarar for dei fleste aktuelle materiale; PE, syrefast, karbonstål, aluminium og CuNi. Vi disponerer adskilt sveiseverkstad for kvite materiale (rustfritt, syrefast) og vi har sveisemanipulatorar og orbitalsveisemaskiner.
Maritimt
Vår spesialitet er installasjon av alle typar rørsystem du finn om bord i eit skip frå dei enkle skipssystema til dei meir kompliserte. Vi er ein av få aktørar som har lang erfaring med LNG rørsystem om bord i skip, samt at vi har erfaringar med rørsystem med stor grad av dokumentasjon og sporbarheit i produksjonen. Rørsystema om bord i eit skip kan vere vakuumsystem eller det kan vere prosessanlegg med store trykk (1450 Bar).
VA
ServiTech har lang erfaring med rørlegging innan VA og har erfaring med ulike rørtyper. Likevel er det PE og rustfritt/syrefast vi har jobba mest med. Vi har personell med ADK bevis og vi har PE sveisemaskiner som dekker dei mest vanlige dimensjonane. Innan VA har vi også etablert oss med prefabrikasjon av vasskummar i PE, samt betong (premontasje av armatur). Vi har eit tett og godt samarbeid med graveentreprenørar og gjer mykje rørlegging i grøft.
Fiskeri og industri
Vår erfaring går mykje mot rørsystem for transport av levande fisk. Her er det store krav til overflater slik at fisken ikkje tek skade på sin veg gjennom systemet. Vi har erfaring med installasjonar av fiskerør på brønnbåtar og på landanlegg. Dei siste åra har vi også levert rørsystem mot prosessindustrien kor det også er store krav til overflatefinish.
Oppdrett
Innan oppdrett har vi erfaring med installasjon av rørsystem i PE og syrefaste materiale. Denne type system har ofte vore levert i forbindelse med oppgraderingar eller utskiftingar av anna utstyr, men vi kan også levere rørentreprisar i forbindelse med nye anlegg.

Har du utfordringar med avløpsvatn? Ta kontakt!

Stein Skaaden

Produksjonsleder / ServiTech

stein.skaaden@entec.no
norsk merke slogan