Totalentreprisar

ServiTech har gjennom dei siste åra levert fleire omfattande totalentrepriseprosjekt innan vatn- og avløpsbehandling. Nokre av prosjekta har også inkludert grunnarbeid, vegar og bygningar for å nemne noko av det vi kan ta ansvar for.

Ein totalentreprenør med unik produkt og systemkompetanse

ServiTech har eigen prosjekteringsavdeling med lang erfaring innan fagområdet vatn og avløp. Saman med moderne dataverkty og 3D-tegneprogram sikrar dette at kunden får det beste resultatet til sitt prosjekt. Kombinert med lang erfaring frå både skipsindustri og landbaserte prosjekt som utførande er vi ein totalentreprenør med unik produkt og systemkompetanse. Gjennom kunnskapen og erfaringa vår leverer vi totaltekniske entrepriser av prosessanlegg for både vatn og avløp. Kundane er både private og offentlege og på ingen måte begrensa til fagområdet vatn og avløp. Vi har for eksempel også prosjektert, produsert og montert uniter for kjølesystem om bord i skip.

Sertifiseringar

ServiTech er ISO 9001:2015 og ISO 3834-2 sertifisert av KIWA Teknologisk institutt.

Sentralgodkjenningar for ansvarsrett;

  • Prosjekterande sanitærinstallasjonar – Tiltaksklasse 1
  • Prosjekterande vannforsynings- og avløpsanlegg – Tiltaksklasse 3
  • Utførande vannforsynings- og avløpsanlegg – Tiltaksklasse 3
  • Utførande sanitærinstallasjonar – Tiltaksklasse 2

Saman med våre gode underleverandørar og vår søsterbedrift Brimer AS kan vi dekke alle ansvarsområder i eitt totalentrepriseprosjekt.

ServiTech har også utvikla eigne produkt og løysingar innan vann- og avløpsbehandling, samt at vi har gode leverandørar på utstyr.

Skal du i gong med eit forprosjekt eller prosjekt? Ta kontakt!

Erik Lübbe

Salgssjef Entrepriser / ServiTech





erik.lubbe@entec.no

norsk merke slogan