Vannbehandling

ServiTech leverer større entreprisar på vannbehandlingsanlegg til private- og offentlege vassverk. Vi kan levere dette iht kundespesifikasjonar eller vi kan prosjektere løysingar basert på råvannskvalitet. Vi kan også levere renseløysingar for skip og innan oppdrett.
Ulike rensemetoder
Vi kan leverer renseanlegg basert på ulike rensemetoder og utstyr. Lista under er ikkje utfyllande, men gir ei oversikt over noko av det vi kan levere.
  • Filter
  • Trykksiler
  • UV
  • Sjølvspylande sandfilter
  • Lamellseparatorar
  • CO2 luftarar
  • Ozon
  • Kjemi
Modulbasert vassverk
ServiTech leverar foruten større entreprisar på vassbehandlingsanlegg til private- og offentlege vassverk også eigenutvikla løysingar innan vassbehandling. Ei av løysingane vi har utvikla er eit modulbasert vassverk. Vi leverer her ferdige modulbaserte løysingar, prefabrikert og testa på verkstaden vår. Dette sikrar minimal monteringstid, noko som kjem abonnentane til gode. Dette er ei svært kostnadseffektiv løysing og kan vere aktuell for mindre vassverk, reservevassverk eller for krisevassløysing. Vi har levert denne løysinga til fleire kundar, tilpassa deira spesifikke behov. Kapasitetsmessig er 400m3/time det største vi har levert. Denne type renseanlegg kan leverast i ein standard ISO Container eller som eit modulbygg i tre.
Vassmagasin / høgdebasseng
Som del av eit vassdistribusjonsnettverk inngår også vassmagasin eller høgdebasseng og i nokre tilfeller inngår også bassenga som del av vassbehandlingsanlegget. ServiTech kan levere høgdebasseng i GRP via søsterbedrifta Brimer AS eller vi kan levere nedgravde tankløysingar i både GRP og PE. Også innan oppdrett kan våra tankløysingar brukast som samlestokkar, fordrøyningsmagasiner eller lagertankar, anten dei er plassert over eller under bakken.
Kjemikalietankar
Vi kan levere kjemikalietanker produsert av både GRP og HDPE PE 100 for lagring av farlege kjemikalier. HDPE tankene kan leverast både som enkeltvegg og dobbeltvegg løysing. Tankane er dimensjonert etter tankforskrifta – forurensingsforskrifta kap.18.
System for overvåking av vasskvalitet
Dette er under utvikling og vil kunne verte tilbydd seinare. Er det likevel av interesse nå, så ta kontakt for mer informasjon.

Har du behov for reint vatn? Ta kontakt!

Aleksandar Mitic

Prosjektingeniør VA / Servitech

aleksandar.mitic@entec.no
norsk merke slogan