Bevegelsar i betong er ei utstilling av arbeida til Erling Viksjø i Nasjonalmuseet – Arkitektur. Museet ønskte ei løysing med veggar som egna seg for gjenbruk. Komposittveggar frå Brimer vant fram, desse kan leverast som standard vare, og takast tilbake når utstillinga er ferdig. Veggane nyttast til vanleg i Brimer-tanken.

Viksjø (1910–1971) var ein av de viktigaste arkitektane i Noreg i tida etter andre verdskrig, kjend for sin betong- og høghusarkitektur. Utstillinga ser på samarbeidet med kunstnarar som Carl Nesjar, Pablo Picasso, Hannah Ryggen, Inger Sitter, Synnøve Anker Aurdal, Kai Fjell, Tore Haaland, Ramon Isern, Odd Tandberg og Jakob Weidemann. Utstillinga skulle ha opna 25. september men vart utsett på grunn av koronaviruset. Museet opna igjen frå og med 14. mai, og ny opningsdato for utstillinga vert 20. november 2020. Då med veggar levert av Brimer!

Erling Viksjø er kjend for ein rekke monumentalbygg, særleg i Oslo. Han var med på å prege norsk arkitektur i etterkrigstida fram til sin død. Viksjø vert rekna som ein av dei største arkitektane innan norsk modernisme, og Høyblokken i regjeringskvartalet vert rekna som hans viktigaste verk. Kunst spelte ei viktig rolle i arkitekturen for Viksjø. Frå 1950-åra utvikla han nye samarbeidsformer med ingeniørar, materialekspertar og kunstnarar. Utstillinga syner spesielt Viksjø og Odd Tandbergs årelange eksperimentering med conglobetong, eit samarbeid som hittil har vore lite belyst.

Utstillingpaviljongen som husar utstilliga er teikna av arkitekten Sverre Fehn og består av et kvadratisk rom med fire betongsøyler som bærer et betongtak omgitt av store glasvegger. Sidan mykje av kunsten ikkje toler lys, har utfordringa vært å kombinere kravet om lys med ønske om å synleggjere Fehns arkitektur. Brimers vegger gjer dette på en elegant måte, med fire meter høge vegger som filtrere lyset inn i paviljongen og gir store flater til å vise kunst. Utstillinga består av fire utstillingsrom og et Y-forma «mellomrom» der elementenes materialkvalitet kommer til syne. Utstillingsdesignen er gjort i et samarbeid mellom Erik Langdalen arkitektkontor og kunstnaren Eline Mugaas.
– Erik Langdalen arkitekter

Nasjonalmuseet – Arkitektur

Utstillinga skal haldast i Nasjonalmuseet – Arkitektur. Dette vil vere Nasjonalmuseet si hovudutstilling til det nye Nasjonalmuseet opnar i 2021. Bygninga er i seg sjølv formidlar av arkitekturhistoria og er spesielt egna som arkitekturarena. Bygninga er ein samanstilling av klassisistisk og modernistisk arkitektur – eit møte mellom Grosch og Fehn, som saman med Viksjø er dei viktigaste norske arkitektane frå 1800-talet og til vår tid.

Med denne leveransen syner Entec Group at berre fantasien setter grenser for kva Brimertanken kan nyttast til.

– Helge Kvamme