Prosjektet er ei utviding av Holdebakken høgdebasseng. Detaljprosjektering med mellom anna arbeidsteikningar av basseng, rørføringer, gangbaner og dimensjonering av rør, trykkaukingspumper og tankar inngår i entreprisen. Den er derfor beskrive som ein totalentreprise etter NS 8407.

I leveransen inngår to høgdebasseng med diameter på 10 meter og høgde på 6,9 meter som vert levert av Brimer AS. Bassenga vert levert i glassfiberarmert polyester, eit materiale som har særs tett, fin overflate og er enkelt å vedlikehalde.

Prosjektet kan først ferdigstillast i tredje kvartal av 2021, då det skal monterast midt i skibakken i Hemsedal. Derfor er arbeid i vintersesongen utelukka, og det vert stans i arbeida i tidsrommet oktober 2020 til og med april 2021.

– Det gleder oss at ServiTech med Brimer som underleverandør har vunne denne anbudskonkurransen. Med dette har Entec Group verkeleg etablert seg som ein komplett leverandør innan VA-prosjekt i heile Norge, sier Stig Stokke, daglig leder i ServiTech

Høgdebassenga skal koplast i parallell slik at dei kommuniserer ved vanlig drift. Ved inspeksjon eller vedlikehald skal ein kunne kople ut og tømme eitt basseng, medan det andre bassenget er i normal drift. Det er også to eksisterande høgdebasseng i området som skal koblast på dei nye rørinstallasjonane via rørkjellaren, samt få lufting med filter via nytt ventilasjonssystem.

Prosjekteringa er i gang, og det skal monterast røyr i grunn i august 2020.

For meir informasjon om våre løysingar, ta kontakt med;

Stig Lennart Stokke
Daglig leder / General Manager

+47 992 19 630
stig.stokke@entec.no