Fiskeri og industri
Ein foretrukken partner
ServiTech har sidan starten vore ein foretrukken samarbeidspartnar for utstyrsleverandørar innan fiskeri og industri. Spisskompetansen vår innan prosjektgjennomføring har gjort oss til ein foretrukken partnar i prosjekt der tid har vore ein knappheitsfaktor. Vi er fleksible og omstillingsdyktige og dermed ofte ein problemløysar for våre kundar. Oppdraga har vore varierte og vi har produsert mykje rustfritt utstyr som rør, konstruksjoner og tanker. ServiTech har sertifiserte sveisarar og kan også produsere iht ISO 3834-2 om kundene ønsker det. Vi har også sveisemanipulatorar og orbitalsveiseutstyr som gjer at vi kan levere rørsveisar av høg kvalitet og med rett finish og dokumentasjon iht. spesifikasjoner frå mellom andre prosessindustrien. Ellers har vi sveisarar som er sertifisert på ulike sveisemetodar og på ulike material som PE, rustfritt, stål og CuNi.