ServiTech signerte totalentreprisekontrakt med Hemsedal kommune

Hemsedal kommune har tildelt ServiTech AS totalentreprisen for leveranse av nye høgdebasseng med tilhørende rørinstallasjoner og gangbaner. Kontrakten blei signert 25. mai i år.

3d-illustrasjon av prosjektet
Oftast står høgdebasseng utandørs, då med isolasjon og bordkledning. Denne leveransen var prosjektert med høgdebassenga innandørs og med flatt tak, to høgdebasseng med høgd 6,9 m og diameter 10 m, sjå 3d-illustrasjon.

Prosjektet er ei utviding av Holdebakken høgdebasseng. Detaljprosjektering med mellom anna arbeidsteikningar av basseng, rørføringer, gangbaner og dimensjonering av rør, trykkaukingspumper og tankar inngår i entreprisen. Den er derfor beskrive som ein totalentreprise etter NS 8407.

I leveransen inngår to høgdebasseng med diameter på 10 meter og høgde på 6,9 meter som vert levert av Brimer AS. Bassenga vert levert i glassfiberarmert polyester, eit materiale som har særs tett, fin overflate og er enkelt å vedlikehalde.

Hemsedal
Høgdebassenga skal monterast midt i skibakken. Foto: Skistar

Prosjektet kan først ferdigstillast i tredje kvartal av 2021, då det skal monterast midt i skibakken i Hemsedal. Derfor er arbeid i vintersesongen utelukka, og det vert stans i arbeida i tidsrommet oktober 2020 til og med april 2021.

«Det gleder oss at ServiTech med Brimer som underleverandør har vunne denne anbudskonkurransen. Med dette har Entec Group verkeleg etablert seg som ein komplett leverandør innan VA-prosjekt i heile Norge.»

– Stig Stokke, Daglig leder i ServiTech

 

Høgdebassenga skal koplast i parallell slik at dei kommuniserer ved vanlig drift. Ved inspeksjon eller vedlikehald skal ein kunne kople ut og tømme eitt basseng, medan det andre bassenget er i normal drift. Det er også to eksisterande høgdebasseng i området som skal koblast på dei nye rørinstallasjonane via rørkjellaren, samt få lufting med filter via nytt ventilasjonssystem.

Prosjekteringa er i gang, og det skal monterast røyr i grunn i august 2020.

For meir informasjon om våre løysingar, ta kontakt med;

Stig Lennart Stokke
Daglig leder / General Manager

+47 992 19 630
stig.stokke@entec.no

norsk merke slogan